STUDENTMÅLLAGET I OSLO

Studentmållaget i Oslo arbeider for å tryggje rettane til nynorskbrukarar, meir nynorsk i akademia og eit godt sosialt miljø for nynorskglade studentar i Oslo.

Klassiske bokverk

Frå 1921 til 1941 gav Studentmållaget ut ein serie med "Klassiske bokverk i omsetjing", i samarbeid med Samlaget. Filosofi, historie, dramatikk og lyrikk frå gresk og romersk oldtid blei gjennom denne bokserien gjort tilgjengeleg for eit breitt publikum, i rimelege utgåver med moderne nynorsk språkdrakt.

Nokre av bøkene har seinare kome i nye utgåver på Samlaget, men mange av dei er ute av sal. Heldigvis har Nasjonalbiblioteket arkivert og digitalisert dei og gjort dei fritt tilgjengelege for lesing på nett. Eit par av dei kan òg lastast ned som PDF.

For å gjera bøkene enno lettare tilgjengeleg, har me her laga eit oversyn over dei 25 bøkene som kom ut i serien, med lenkjer til bøkene i digital utgåve på NB. Trykkjer du på namnet til forfattaren eller omsetjaren, så kjem du til leksikonartiklar som fortel meir om desse. God lesnad!

01. Platon: Forsvarstalen åt Sokrates (omsett av Eiliv Skard, utgjeven første gong 1921. Filosofi)