Studentmållagsbibelen
Av alle større Studentmållaget har hatt for seg gjennom hundre år, er påkjenna om å gje ut den fyrste nynorske bibelomsetjinga mellom dei mest ambisiøse og oppsiktsvekkjande.
Bibelen kom ut sommaren 1921 og vart prenta i eit opplag på 50.000, som vart utselt i løpet av ein tiårsperiode. Halvparten av bibelutgåva bygde på omsetjingane til Alexander Seippel.
Bla deg gjennom Bibelen ved å bruke menyen til høgre.
Du kan sortere lista etter Det Gamle Testamentet eller Det Nye Testamentet.
Kvifor gav Studentmållaget ut Bibelen?
I den fyrste tida etter at Studentmållaget vart skipa i 1900, arbeidde laget mykje med å lage lærebøker for høgare utdanning på nynorsk. Det fanst knapt slike bøker, og laget gjorde eit svært stort arbeid i samarbeid med universitet, høgskular m.m. for å gjere meir litteratur tilgjengeleg på nynorsk.
Kvifor er Bibelen på så rar nynorsk?
Dette er 1921-utgåva av Bibelen, og då var språket litt meir konservativt enn i dag.
Takk til SigveSaker!
Bibelen er digitalisert av Stavanger-firmaet SigveSaker. Dei leverer m.a. Databibelen, som inneheld fleire versjonar av Bibelen på både nynorsk og bokmål.
Har du ein Studentmållagsbibel til overs?
Det er omtrent umogeleg å få fatt i Studentmållagsbibelen i antikvariat og brukthandlarar. Vi manglar nokre utgåver, og vil gjerne kjøpe (eller få) dersom du har ein Bibel til overs! Ta kontakt med styret!